Staal Jørpeland si fotballgruppe, med rundt 500 medlemmer, har blitt kåra til «Årets strandbu» for 2009. Prisen blir utdelt på kommunestyret onsdag.
– Dei er veldig gode representantar for kommunen og har rykte på seg for å driva godt. Dei får mykje positiv omtale i ulike media. På fotballgallaen for den lokale 3. divisjonen var fleire Staal-spelarar nominerte til utmerkingar. Både trenar, midtstoppar, spiss, nettsida og rolla som arrangør blei nominerte til årets beste i sin kategori, seier ordførar Helge Steinsvåg, ein av tre medlemmer i juryen.
Det er fyrste gong ein organisasjon er nominert til «Årets strandbu», men statuttane for utmerkinga seier at ein person eller organisasjon kan motta denne utmerkinga. I fjor var det skodespelar Ellen Dorrit Petersen som mottok prisen. Prisen i år går til både spelarar og alle frivillige som dreg lasset.
– Fotballaget har gitt eit løft på mange område, dei har gitt eit svært bra tilbod til fotballinteresserte i 90 år, seier Steinsvåg, som sjølv har vore fotballformann i Staal.
– Dei er ein verdig vinnar, og gjer eit flott arbeid som fotballgruppe, seier kulturleiar Svanhild Nessa. Ho set engasjementet og dugnadsarbeidet som blir gjort i fotballen høgt.
– Det var svært overraskande, og det er veldig veldig kjekt. Dette er ei vitamininnsprøyting for heile klubben, seier klubbformann i fotballgruppa, Sigurd Loug.
– Dette viser at me er blitt lagde merke til. Prisen er til kvar og ein i fotballen, legg han til. Loug legg vekt på det gode miljøet og arbeidet med barn og unge som blir gjort i klubben.