
69 år gamle Andres Skår har hatt ei lang karriere som aktiv skyttar, og formannskapet i Hjelmeland meinte han fortente kulturprisen for 2009. Prisen vart delt ut under ei markering på Hjelmeland samfunnshus nyttårsaftan.
Formannskapet begrunna tildelinga slik:
«I lokal målestav er Andres Skår skyttaren med stor S. I tillegg til eiga karriere som konkurranseskyttar på relativt høgt nivå gjennom mange år, har han mest like lenge brukt mykje tid på opplæring av nye skyttarar og jegerar. Andres Skår har vore ein stillferdig og særs kunnig instruktør for svært mange unge Hjelmelands-buar i deira første møte med rifla. Ikkje minst har han lagt stor vekt på tryggleiken i samband med våpenbruk og jakt.
Prismottakaren er ein god representant for ein sport av stort omfang og med djupe røter i bygde-Norge. Berre få er klar over kor utbreidd skyttarsporten er, - både her til lands, og i den store verda : Ein klar andreplass etter fotballen!»