|
|
|
|
|
La ny is på isen
Skriv ut
Rundbane og ishockeybane i Botsheia
Publisert 06.01.2010
spyle---R
VATNING: For å få til like rask skeisebane som i Vikingskipet på Hamar, må det vatning til. Her er det Svein Knudsen og Ole Tom Guse som legg eit godt lag oppå Stemmetjørn.


Kalde vêrmeldingar så langt meteorologane kan sjå, fekk ordføraren i Forsand til å organisera måking og spyling av isen på Stemmetjørn tysdag kveld.

Den litle tjørna like ved Riksveg 13 ovafor Hølleslitunnelen har vore ein svært populær skeiseis. No var isen trygg men med 15 centimeter snø oppå.
Saman med Jone Andreassen frå uteetaten og brannmann Svein Knudsen stilte ordførar Ole Tom Guse med snøfres og brannpumper for å klargjera isen for skeising.

– Det var ikkje nok å bare fresa vekk snøen. For å få skikkeleg god skeiseis, pumpa me vatn oppå det snøfri feltet. Me reknar med at når natta er omme har det frose til skikkeleg stålis, seier ordføraren.

Det var snøfresen til teknisk etat som blei brukt til å rydda isen for snø. Den ryddar 97 centimeter breitt, og var særs effektiv til denne oppgåva.

Totalt var det om lag 20 centimeter tjukk is. Men bare den nedre halvdelen var is av veldig god kvalitet. Men med det nye islaget på toppen, vil interesserte finna ein god rundbane til å skeisa på i tillegg til ein ishockeybane.







 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
VM gjengen på plass i Canada 
09.09.2010 02:18
Les mer  www.sykling.no
Spilte 45 min - vant 7-0
09.09.2010 01:12
Les mer  www.kvikhalden.no
VM terreng
05.09.2010 21:48
Les mer  www.syklingensverden.com
Gunn-Rita i bakerste rekke
03.09.2010 19:11
Les mer  www.nrksport.no
Jordan Staal slowed by foot infection
03.09.2010 00:09
Les mer  sports.espn.go.com
Tobias Sæther deltar nå i VM i Canada
02.09.2010 19:26
Les mer  idrett.speaker.no
Morsom målfest for Løvene
02.09.2010 16:29
Les mer  www.kvikhalden.no
SIL rystet naborivalen
01.09.2010 22:32
Les mer  www.sa.no
KM Ultralang
25.08.2010 17:20
Les mer  www.sognavis.no
Gaularrittet
25.08.2010 17:20
Les mer  www.sognavis.no
DM 2010
25.08.2010 17:20
Les mer  www.sognavis.no
1. div. håndball
24.08.2010 15:37
Les mer  www.ardal.kommune.no
VBK kamper i Tasta Idrettspark uke 34, 23 - 29 august
23.08.2010 18:54
Les mer  www.vardeneset-bk.no
Ung og lovande o-løpar på pallen
22.08.2010 13:30
Les mer  www.nrk.no
Knepen borteseier
20.08.2010 10:11
Les mer  www.kvikhalden.no