GAMLE HELTAR: To av Fisters gamle skøyteheltar i aksjon. Gaute Hauge innehar ei knapp leiing i duellen med Trond Sandvik. (Tekst og foto: Vegard Terøy)
Over 100 små og store fisterbuar samla seg onsdag ettermiddag til løp, leik og iskald moro på Hetlandsvatnet ved Fister.
Tidlegare år var skøyteløpa på Hetlandsvatnet ein nærast årleg tradisjon, med stor prestisje og mange dyktige utøvarar i sving. Difor var ikkje dei lokale eldsjelene seine om å spenna på seg lengdeløparane og merka opp ein bane når isen no nådde den naudsynte tjukkleiken.
På bana vart det utkjempa løp med meir eller mindre prestisje, både mellom unge lovande og gamle ringrevar som hadde leita fram trikoten. Samtlege gjekk ein runde på bana som var laga til. Nøyaktig kor mange meter den var, vart ikkje målt opp, men rundt 300 meter var runden sånn omtrent får vi opplyst.
Allereie på søndag får dei slagne sjansen til revansj, då skal det nemleg haldast eit nytt løp på isen.
Resultatliste (distanse ca. 300m):
(Under 10 år inga tidtaking)
4 år jenter:
Marie Hjørungdal
6 år jenter:
Ane Hjørungdal
9 år jenter:
Synne Hovda
Nora Viga
Siri Rød
Katarina Topp Sandvik
9 år gutter:
Egil Jansen
10 år gutter:
Åke Sjursen Hauge 66.0
Jarand Verpe 99.0
11 år gutter:
Svein Hjørungdal 66.0
12 år gutter:
Tobias Topp Sandvik 48.0
Rune Jansen 63.0
Daniel Gabrielsen 66.0
12 år jenter:
Stine Lise Hetland 68.0
13 år jenter:
Sidsel Amanda Sandvik 70,0
Karina Bjørkeland 80.0
Torill Verpe 82.0
Ungdom jenter:
Lisa Sjursen Hauge 60.0
Malin C Sandvik 63.0
Hanne Ingvaldstad 85.0
Anette Bjelland 86.0
Ungdom guttar:
Hans Jonas Helgesen 60.0
Aslak Førre 67.0
Senior damer:
Anna Lena Kleppa 38.0
Randi Bjørkeland 57.0
Helene Sandvik 88.0
Senior menn:
Trond Sandvik 31.0
Gaute Hauge 32.0
Ronny Mæland 39.0
Arvid Sandvik 42.0
Kjell Magne Hjørungdal 42.0
Atle Hauge 43.0
Sindre Andre Sandvik 43.0
Per Magne Gabrielsen 47.0
Halvor Lid 53.0
Magnar Viga 57.0