Audun Laugaland frå Hjelmeland er nøgd med plasseringa i årets utgåve av Marcialonga. Han heldt følgje med teten i 65 av 70 kilometer på ein dag der formen ikkje var på topp.
Laugaland klarte ikkje å forsvara den sterke sjetteplassen frå i fjor, men er likevel ganske godt nøgd med plasseringa i Marcialonga i Val di Fiemme i Italia på sundag.
– Hittil i sesongen har eg vore i god form, men uhell og andre ting har gjort at eg ikkje har fått utteljing i form av topplasseringar. Det er irriterande. På sundag var det tungt undervegs, og eg kom så høgt opp på resultatlista som muleg på ein slik dag, seier Laugaland.
Det var langløpskongane Oskar Svärd, Jerry Ahrlin og Jørgen Aukland som gjorde opp om dei tre gjævaste plasseringane. Aukland måtte som beste nordmann ta til takke med tredjeplassen. Svärd var sterkast av dei to svenskane.