|
|
|
|
|
Vil overta kraftstasjon
Skriv ut
Stavanger kommune vil ha med seg Forsand kommune på å overta den gamle kraftstasjonen, røyrgata og trappene i Flørli.
Publisert 09.05.2007
flørli
NEDLAGT BYGD: Kraftbygda Flørli er fråflytta og husa seld ut til fritidsbustader. Ein del hus disponerer Lysefjorden Utvikling AS for utleige.
Stavanger kommune forhandlar med Lyse om overtaking av den gamle kraftstasjonen, trappene og røyrgata i Flørli. Det har vore møte mellom Stavanger, som er grunneigar i Flørli og Forsand som vertskommune.
Det er laga ei ramme for overtaking som tar sikte på ei 50/50-deling mellom Stavanger kommune og Forsand kommune.
– Me er i dialog med Stavanger kommune om å ta vare på kraftstasjonen i Flørli. Korleis det skal gjerast har me ikkje gått inn på. Men me er innstilt på å finna ei løysing, seier plan og utviklingssjef Årstein Løland i Forsand kommune.

Kommunal overtaking
Lysefjorden Utvikling AS skal drifta Flørli i sommar. Men NVE ønskjer primært at kommunar tar over anlegget i Flørli, dersom dei skal overførast til ny eigar. Dersom ikkje dei gamle anlegga blir overtatt av nye eigarar, så skal dei fjernast i følgje kraftkonsesjonen.
Prøvedrift er gjennomført i Flørli i fleire år og både Forsand og Stavanger er samde om at Flørli har stor verdi for Lysefjorden både som opplevingsmoment og som del av marknadsføringa av fjorden som turistmål. Det er spesielt dei 4444 trappetrinna til toppen som er populær.
Riving av røyrgata er kalkulert til 6 millionar kroner. Framtidig vedlikehald av denne (sandblåsing og maling) er kalkulert til 10 millionar kroner. Sanering av trapper og kraftstasjon er kalkulert til 6,5 millionar kroner.
Spørsmålet no blir kva som skal overtakast og korleis denne overtakinga skal organiserast mellom dei to kommunane. Skal kommunane overta anlegga, så må det bli mot utbetaling av ein omforent sum basert på det det måtte kosta Lyse å riva aktuelle anlegg.

Trallebane
– Flørli, med sine teknisk industrielle kulturminne, er eit av fyrtårna i Lysefjorden. Denne grenda er veldig viktig no når heile fjorden skal takast i bruk. Bygda og kraftminna fortel i tilegg ei viktig historie om utviklinga til det moderne Rogaland. Det er viktig at alle gode krefter nå trekker saman for å finne ny og alternativ bruk av Flørli, seier dagleg leiar Ole Madsen i Lysefjorden Utvikling AS.
Madsen ser at det i dei seinare årene har vore gjort ein formidabel innsats på Flørli, og det har blitt nedlagt betydelige økonomiske midlar frå Stavanger kommune. Denne innsatsen har i stor grad medverka til å sette Lysefjorden på kartet. Konseptet har i stor grad bestått av ein satsing på kultur i den gamle kraftstasjonen, kafé og overnating.
– Lysefjorden Utvikling AS ser det som viktig å bidra til å utvikle den nåverande satsinga, samstundes må ein også sjå på ny bruk av bygningane. Ny bruk er truleg den beste måten å ta vare på den kulturhistoria som bygda representerer. Lysefjorden Utvikling AS ynskjer å sjå nærmare på ulike utviklingsstrategiar for bygda. Inn under dette bør ein blant anna kunne sjå på muligheiter for å kunne leggja til rette for transport av folk opp på fjellet ved å vidareutvikla den eksisterande trallebanen. Det at det frå før av er tekniske inngrep og at området ikkje er med i landskapsvernområdet gjer at dette er eit av dei områder kor dett kan vere mulig, seier Ole Madsen.
Tralla som blei brukt til å transportera gods til Dammen på Ternefjell i tidlegare tider, står framleis på sida av kraftstasjonen i Flørli og skinnene som tralla gjekk på, går mellom trappene og røyrgata.
– Transport av folk til fjells med denne trallebanen, kan bli eit nytt trekkplaster i den populære Lysefjorden. Me ser ikkje vekk frå at det kan la seg realisera, seier Madsen.

Opnar 23. juni
23. juni kan du ta turistferja til Flørli for å gå på kafé, samt studera dei 14 store segla frå Orknøyane som skal stillast ut i sommar. Det er ei forteljing til kvart av segla.
– Me trur denne utstillinga vil passa godt i den katedralen som kraftstasjonen i Flørli er. Denne kombinert med sagbrukshandelen og skottehandelen i Lysefjorden på 1600-talet trur me vil interessera mange, seier Madsen.
Men det er muleg å reisa til Flørli alt no. Og du treng ikkje returnera ut fjorden etter kort tid. Lysefjorden leiger nemleg ut leilegheiter i Flørli.
– No skal me snart ha på plass online bestilling av leielegheiter i Flørli på eigne heimesider på nettet. Me skal driva Flørli dette året, som ei forlenging av det flotte arbeidet som er lagt ned åra før, fortel Ole Madsen.
Utviklingsselskapet har eit budsjett på 340.000 kroner. Mesteparten av inntektene er driftsstøtte frå kommunar.






 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Kjøp DT som PDF Undersøkelse
09.09.2010 09:39
Les mer  www.dalane-tidende.no
Ormåsen i julestemning
09.09.2010 05:49
Les mer  www.amta.no
Hiking on the Nigardsbreen Glacier
09.09.2010 05:34
Les mer  www.visitnorway.com
"..find more about H&H's pavilion at the V&A online!" ...... 2010/06/10 :
09.09.2010 05:01
Les mer  www.hha.no
Sommer i september
09.09.2010 02:00
Les mer  www.nms.no
Velkommen til Norge
09.09.2010 00:32
Les mer  www.horecanytt.no
Storfin vitjing på Drange
08.09.2010 22:52
Les mer  www.midtsiden.no
Le Grand Bleu i Lysefjorden
08.09.2010 22:28
Les mer  www.bt.no
Lover bra lammehøst
08.09.2010 18:07
Les mer  www.adressa.no
«Askeladden» i eventyrlige forhold
08.09.2010 16:10
Les mer  www.havna.com
Norge: Oslo (NTB): Fårikålsesongen er i gang. Årets lammekjøtt har allerede nådd store deler av kongeriket, ifølge Nortura.
08.09.2010 15:32
Les mer  www.agderposten.no
Avviser prishopp på lammekjøtt
08.09.2010 15:30
Les mer  www.tv2nyhetene.no
Fårikålsesongen er i gang
08.09.2010 15:26
Les mer  www.nrk.no
Årets lam er på vei
08.09.2010 15:11
Les mer  www.hegnar.no
Vanessa Baird, Mette Hellenes, Finn Graff - vandreutstilling, Sand
08.09.2010 13:59
Les mer  www.ryfylke.com