|
|
|
|
|
Nytt kraftverk skal driva gamalt
Skriv ut
Eit nytt kraftverk i Flørliåna kan finansiera drifta av den gamle kraftstasjonen.
Publisert 08.06.2007
Tysdag kan politikarane i Forsand gjera intensjonsvedtak om å overta gamle Flørli kraftstasjon og tilliggande anlegg. Rådmannen rår til overtaking.
Forsand har i fleire år støtta Stavanger kommune sitt prøveprosjekt økonomisk. Dette har hatt som mål å byggja opp ei reiselivssatsing med utgangspunkt i den gamle kraftstasjonsbygninga og tilliggande anlegg.
– Økonomisk har vel ikkje dette prosjektet vore bra, med store underskot kvart år. Har du tru på å få til ei berekraftig utvikling i Flørli?
– Det er rett at det ikkje er meir enn at prøveprosjektet har surra og gått desse åra. Men kor stort rivingsfondet frå Lyse blir, har alt å seia, svarer Årstein Løland, plan- og utviklingssjef i Forsand kommune.
– Vil det ikkje vera lurt å setja rivingsfondet på ein sperra konto i tilfelle ein skulle gi opp prosjektet og vel å riva den gamle kraftstasjonen?
– Eg er litt meir optimist enn det. Eg trur me skal få til eit bra konsept i Flørli. Men det får tida visa. Me gjer ingen bindande vedtak før me har sett på konseptet som skal utviklast på Flørli, seier Løland.
Han er klar over at det er store kostnader med å drifta Flørli. Desse har vore mange gonger større enn inntektene. Men Løland har ei løysing på det også.
– Me er interessert i å byggja eit kraftverk i Flørliåna, som ikkje blir brukt i dag. Straum er ein stor kostnad for Flørli, og kraftverket kan halda oss med varme og lys. Dette er eit punkt også Stavanger kommune har sansen for, seier Løland.

 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Kjøp DT som PDF Undersøkelse
09.09.2010 09:39
Les mer  www.dalane-tidende.no
Ormåsen i julestemning
09.09.2010 05:49
Les mer  www.amta.no
Hiking on the Nigardsbreen Glacier
09.09.2010 05:34
Les mer  www.visitnorway.com
"..find more about H&H's pavilion at the V&A online!" ...... 2010/06/10 :
09.09.2010 05:01
Les mer  www.hha.no
Sommer i september
09.09.2010 02:00
Les mer  www.nms.no
Velkommen til Norge
09.09.2010 00:32
Les mer  www.horecanytt.no
Storfin vitjing på Drange
08.09.2010 22:52
Les mer  www.midtsiden.no
Le Grand Bleu i Lysefjorden
08.09.2010 22:28
Les mer  www.bt.no
Lover bra lammehøst
08.09.2010 18:07
Les mer  www.adressa.no
«Askeladden» i eventyrlige forhold
08.09.2010 16:10
Les mer  www.havna.com
Norge: Oslo (NTB): Fårikålsesongen er i gang. Årets lammekjøtt har allerede nådd store deler av kongeriket, ifølge Nortura.
08.09.2010 15:32
Les mer  www.agderposten.no
Avviser prishopp på lammekjøtt
08.09.2010 15:30
Les mer  www.tv2nyhetene.no
Fårikålsesongen er i gang
08.09.2010 15:26
Les mer  www.nrk.no
Årets lam er på vei
08.09.2010 15:11
Les mer  www.hegnar.no
Vanessa Baird, Mette Hellenes, Finn Graff - vandreutstilling, Sand
08.09.2010 13:59
Les mer  www.ryfylke.com