I ei årrekkje har Anne-May Waage og Gaute Gangenes prøvd å få byggja på hytta si på Skreddaren. Dei har ei lita hytte på eit svaberg ved sjøen mellom Lastabotn og Vika.
Det blei første gong søkt om ombygging av hytta i 2002. Avslaget blei gitt administrativt, då det ikkje blei søkt om dispensasjon. Endeleg avslag blei gitt administrativt i januar 2006. Ny søknad blei sendt i 2006 og blei gitt førebels svar etter to månader. Etter ytterlegare to månader kom svar frå Fylkesmannen som peika på at det hadde vore ein fordel om hytta blei fjerna.
Det største problemet til Waage er at deira hytte fekk ein kraftig klausul i reguleringsplanen som blei laga for å legga til rette for hytter like ved denne hytta. I reguleringsvedtektene står følgjande: «Eksisterande hytte, Skreddaren med anneks og naturleg uteplass, kan brukast og vedlikehaldast slik den står ved vedtaksdato for reguleringsplanen og dokumentert på fotografi. Hytta kan ikkje endrast, påbyggast eller inngjerast. Det kan heller ikkje gjerast tiltak rundt hytta som kan hindra fri ferdsle langs strandlina».
Familien Waage har hatt hytta på Skreddarneset i 70 år. Då hytta blei innregulert i hytteplanen til grunneigaren, blei ikkje Waage eller Gangenes varsla av kommunen. Dei las om det då kunngjeringa stod i avisa. Dei hevdar derfor å ha kome for seint på banen til å kunne tas med i planen på ein litt annan måte. No var dei fullstendig lamma i å kunne endra noko.
Eit samrøystes driftsutval bad dei søkja om rehabilitering i tråd med reguleringsplanen.