|
|
|
|
|
Nytt år ny kunst
Skriv ut
Til tross for mykje flott kunst år etter år, blir ikkje Flørli trødd ned av turistar. I år har utstillinga tittelen «Flørlihallen og det sakrale».
Publisert 17.07.2008
Kraftstasjonen i Flørli har veldige dimensjonar og kan samanliknast med ein katedral. Dermed passar det godt at kunsten til Per Odd Aarrestad fyller kraftstasjonen i år.
Mellom anna har han stilt ut glasmåleri som han har laga for Ræge kyrkje på Sola. I sommar har dei fått plass i vindauga i den gamle kraftstasjonen i Flørli. Altertavla som skal til Frøyland / Orstad kyrkje er også utstilt i hallen. Relieffet skal bli 12 meter høgt.

«Flørlihallen og  det sakrale» heiter utstillinga til Aarrestad. Han stiller spørsmål om kva som får eit rom til å verka hellig. Er det arkitekturen eller er det kunsten rommet blir pynta med? Også Peter Brandes har bidratt med kunstverk for å få fram det sakrale i hallen. Han arbeider med utsmykking av Roskilde kyrkje i Danmark.

Ansvarleg for plassering av kunsten i den store kraftstasjonshallen er Agnes Tiffon. Ho er einaste fastbuande i Flørli og kan ikkje forstå at nokon vurderer å riva den gamle kraftstasjonen.

– År må gå før turismen tar seg opp som ved andre attraksjonar langs Lysefjorden som har hatt meir tid til å bli kjent, som til dømes Kjerag. Det er ikkje mange som kjem til Flørli for å sjå kunsten. Eg trur det må brukast tid og ressursar på å gjera staden kjent først, ikkje minst i utlandet, seier Agnes Tiffon.

Ho er ikkje i tvil om at mange vil ha stor glede av å oppleva Lysefjorden og Flørli. Naturen, trappene og ikkje minst kraftstasjonen gir noko til folk. Ho og fleire med ho har stått på for å bevara den gamle kraftstasjonsbygningen etter at Lyse vedtok å riva den. No har Tiffon og Lysefjorden Utvikling AS overtatt stafettpinnen etter mellom anna Hanne Thomsen.

I tillegg til kunstverka til Aarrestad og Brandes inneheld bygningen ein utstilling av Ingvar Blychert om Flørlibygda med tema dei som drog, dei som kom og dei som er. Medan Anne Madsen har fotografert detaljar i Flørli.

 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Nok et biogassanlegg på gang
08.02.2010 21:00
Les mer  www.jbl.no
Operatur - 18. - 20. 2010 "Jorden rundt på 80 dager"
08.02.2010 20:28
Les mer  www.sauda.kommune.no
Årdal i Ryfylke - Hjelmeland Storband
08.02.2010 20:01
Les mer  www.ryfylke.com
Helsea rbeiderutdanning på Hjelmeland 2010.
08.02.2010 19:44
Les mer  www.rkk.no
FORSAND BARNEHAGE TRENG RINGEVIKARAR
08.02.2010 18:50
Les mer  www.forsand.kommune.no
Sørlandskysten islagt
08.02.2010 17:24
Les mer  www.fvn.no
Skallet ned i Forsand
08.02.2010 14:34
Les mer  www.aftenbladet.no
Mistanke om ulovlig jakt
08.02.2010 13:34
Les mer  www.aftenbladet.no
Full pott i Rogaland
08.02.2010 06:33
Les mer  www.farsunds-avis.no
God mat og vin
08.02.2010 06:02
Les mer  www.stavanger-turistforening.no
Konferanse om Diktarvegen
07.02.2010 02:02
Les mer  tb.no
Vant med ti mål borte
06.02.2010 19:08
Les mer  www.farsunds-avis.no
Operabuss
06.02.2010 15:52
Les mer  www.suldalsposten.no
Feiret samefolkets dag
05.02.2010 23:14
Les mer  www.salangen-nyheter.com
Teknisk sjef seier opp
05.02.2010 11:19
Les mer  www.ryfylke.net