Politiet kjørte foran den spesielle transporten. (mobilfoto: Roar Larsen)
Fredag formiddag blei ein 33 meter lang betongbjelke frå Bjørn Hansen AS frakta på vegen gjennom Forsand. Transporten gjekk frå Helle til ferjekaien på Oanes, og vidare til Forus.
I tilknyting til denne lange og 35 tonn tunge transporten var det heile fire følgjebilar; to av dei var politibilar.