|
|
|
|
|
Snipp snapp snute
Skriv ut
Har fjerna trolla i Eventyrskogen i Årdal
Publisert 03.02.2010
eventyrskogen
KRISEMØTE: Eventyrfigurane til Eldfinn Austigard er samla til krisemøte hjå Huldra, i den nedre enden av Eventyrskogen i Årdal. (Foto: Morten Hetland)
 
– No spøkjer det for Eventyrskogen, seier Eldfinn Austigard, skaparen av den populære turstien i Årdal. Eventyrskogen, slik folk kjenner han, kan no bli historie.

Ein ny grunneigar har ifølgje Hjelmeland kommune sett ned foten for at eventyrfigurane kan ha tilhaldsstad på eigedomen hans. Eventyrskogen vart lansert i november 2007, og sidan den gong har det årleg vore kring 6.000 besøkande.

Eventyrskogen er saman med fjellgardane Ramsfjell i Jøsenfjorden blitt næringsprosjektet Nasjonal turistveg Ryfylke sitt satsingsområde i Hjelmeland kommune. I samband med dette har ein vore i dialog med grunneigarane, med tanke på å få til ein langsiktig avtale om bruk av grunnmarka i Eventyrskogen.

Haldis K. Nilsen, kommunesjef bygdeutvikling i Hjelmeland kommune, fortel at dei har sendt eit skriv til grunneigarane der ein ber om å få tilbakemelding dersom grunneigarane ikkje ville godta planane for Eventyrskogen. I førstninga var alle dei sju grunneigarane i området positive til planane.

– Men kring juletider i 2009 fekk me munnleg tilbakemelding frå grunneigar Karstein Sie om at han ikkje ville godta vidare bruk av hans eigedom til å plassera figurane i Eventyrskogen, seier Nilsen til Strandbuen.

Karstein Sie hevdar derimot at han aldri har hatt noko mot Eventyrskogen, men vil ikkje kommentera saka ytterlegare.

Grunnlaget for Eventyrskogen har heilt sidan starten vore basert på uendeleg mange dugnadstimar for Eldfinn Austigard og velvilje frå alle grunneigarane. Sundag ettermiddag var Eldfinn Austigard på nytt på tokt i Eventyrskogen. Denne gongen var det ikkje for å setja på plass nye trefigurar, men for å ta ned dei som alt var der.

– Nei, eg kan stadfesta at mesteparten av figurane no er flytta til ein lagerplass i den nedre enden av Eventyrskogen. Etter kvart vil eg også fjerna dei andre figurane som ligg langsmed turstien, fortel Austigard.

Han legg ikkje skjul på at han helst vil halda på ideen om å ha ein eventyrskog i Årdal. – Eg håpar me kan få til ei interessant rundløype i den nedre enden av skogen, seier Austigard til Strandbuen.


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Endringer i fylkespolitikken
06.09.2010 22:16
Les mer  www.aftenbladet.no
"Fly for MS" til Prekestolen
06.09.2010 21:47
Les mer  www.ms.no
Inspirasjonssamling i Lysefjorden 1.-3. oktober
06.09.2010 19:25
Les mer  naturvernforbundet.no
Marine Harvest rittet 2010
06.09.2010 18:23
Les mer  www.ryfylkesykkelklubb.no
253 stk forhåndspåmeldt til Scanarittet
06.09.2010 18:23
Les mer  www.ryfylkesykkelklubb.no
Eldreråda i Ryfylke samles i Rennesøy
06.09.2010 18:19
Les mer  www.rennesoy.kommune.no
Ole Danbolt Mjøs held foredrag om leiarskap og teambygging
06.09.2010 18:19
Les mer  www.rennesoy.kommune.no
Fotballfest i Lysefjorden
06.09.2010 17:45
Les mer  www.midtsiden.no
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
06.09.2010 14:43
Les mer  www.forsand.kommune.no
Frå direktør til student
06.09.2010 14:36
Les mer  www.nrk.no
Ukas anbefaling: Turseiling
06.09.2010 14:13
Les mer  www.seilas.no
Voldtektssak i gang
06.09.2010 11:05
Les mer  www.dalane-tidende.no
Mer ulv i Ryfylke!
05.09.2010 23:15
Les mer  www.bike.no
Sauetransport veltet i Jørpeland
05.09.2010 00:51
Les mer  www.gardsplassen.no
38 sauer døde i lastebilvelt
04.09.2010 21:11
Les mer  www.aftenbladet.no