|
|
|
|
|
Håheller blir ikkje lyst ut
Skriv ut
Først skal det arrangerast ein intern bodrunde.
Publisert 04.02.2010


Håheller blir ikkje lyst ut for sal i denne omgang. Årsaka er at det først skal arrangerast ein intern bodrunde blant syskena som eig garden.

Norunn Nordbø i Eiendomsmegler1 vil ikkje seia noko om kva bod som har kome inn i denne saka. Men innrømmer at interessa for garden har vore stor.
Njål Egeland er ein av dei tre brørne som eig Håheller. Han driv gard i Årdal og har brukt Håheller-garden som beite i mange år. Gjennom advokatfirmaet Stavangeradvokatene har han klaga på taksten på garden som blei fastsett til fem millionar kroner.

– Ein så høg konsesjonspris vil ikkje kunne gi ei forsvarleg landbruksmessig drift. Det ser heller ikkje ut til at investeringar som må gjerast i forhold til skog og ikkje minst i forhold til gjenoppbygging/restaurering av eksisterande bevaringsverdig bygningsmasse er tatt tilstrekkeleg omsyn til, skriv advokat Odd Jo Forsell.

Garden Håheller er på over 20.000 dekar og har fått ein øvre lovlege marknadsverdi på 4.850.000 kroner. Garden Håheller var i si tid ein praktfull eigedom i Lysefjorden. I mange år har garden stått til nedfalls. Håheller inngår i fylkeskommunen sin kulturminneplan som eit høgt prioritert kulturminne.
Overflatedyrka jord, skog og anna areal er taksert til 3.870.000 kroner. Våningshuset er taksert til 75.000 kroner og restar av driftsbygning til 25.000 kroner. Ei lita hytte på heia er taksert til 130.000 kroner og jaktrettigheitane til 750.000 kroner.

– Kvifor har du klaga på taksten?
– Eg har blitt råda til å gjera det. Ikkje bare fordi eg synest fem millionar kroner er for dyrt for Håheller. Her er det tatt takst etter nye retningsliner. Blir denne taksten ståande vil den også gi konsekvensar for andre gardbrukarar. Denne taksten er ein katastrofe for alle som driv gard i dag, seier Njål Egeland.



Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Endringer i fylkespolitikken
06.09.2010 22:16
Les mer  www.aftenbladet.no
"Fly for MS" til Prekestolen
06.09.2010 21:47
Les mer  www.ms.no
Inspirasjonssamling i Lysefjorden 1.-3. oktober
06.09.2010 19:25
Les mer  naturvernforbundet.no
Marine Harvest rittet 2010
06.09.2010 18:23
Les mer  www.ryfylkesykkelklubb.no
253 stk forhåndspåmeldt til Scanarittet
06.09.2010 18:23
Les mer  www.ryfylkesykkelklubb.no
Eldreråda i Ryfylke samles i Rennesøy
06.09.2010 18:19
Les mer  www.rennesoy.kommune.no
Ole Danbolt Mjøs held foredrag om leiarskap og teambygging
06.09.2010 18:19
Les mer  www.rennesoy.kommune.no
Fotballfest i Lysefjorden
06.09.2010 17:45
Les mer  www.midtsiden.no
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
06.09.2010 14:43
Les mer  www.forsand.kommune.no
Frå direktør til student
06.09.2010 14:36
Les mer  www.nrk.no
Ukas anbefaling: Turseiling
06.09.2010 14:13
Les mer  www.seilas.no
Voldtektssak i gang
06.09.2010 11:05
Les mer  www.dalane-tidende.no
Mer ulv i Ryfylke!
05.09.2010 23:15
Les mer  www.bike.no
Sauetransport veltet i Jørpeland
05.09.2010 00:51
Les mer  www.gardsplassen.no
38 sauer døde i lastebilvelt
04.09.2010 21:11
Les mer  www.aftenbladet.no