|
|
|
|
|
Andreplass i Italia
Skriv ut
Vart berre slått av verdscupvinnaren.
Publisert 07.02.2010



Skiløparen Audun Laugaland frå Hjelmeland gjekk inn til ein sterk andreplass i det 42 kilometer lange klassiskrennet Dobbiaco-Cortina i Italia sundag. Han vart berre slått av italienske Marco Cattaneo.

Cattaneo er ein av dei sterkaste langløpsspesialistane, og vann FIS Marathon Cup i fjor. Laugaland sin lagkamerat frå Team United Bakeries, Andre Haugsbø, vart nummer tre.

– Formen er sånn passe, så eg er godt nøgd med denne plasseringa. Det var eit sterkt startfelt i dette rennet. Eg reiser heim frå Italia med godt med vin og skinke i bagasjen, som premiar etter denne plasseringa, smiler Laugaland.


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.