Strand Mållag gjorde styrar i Jørpeland barnehage mållaus då ho fekk e-post om ei bokgåve på ti barnebøker til barnehagen.
– Det er ikkje kvar dag folk ringjer og seier at du skal få bøker, seier ei strålande fornøgd Siv Sørbø i Jørpeland barnehage.
Alle dei elleve barnehagane i Strand har fått ei bokpakke på ti kvalitetsbøker på nynorsk. I tillegg har barnehagen også fått tre eksemplar av den lokale boka «Eg rodde på spreng- ifrå Hidle til Heng». Saman med Samlaget har Strand Mållag funne bøkene som har ein verdi på 25.000 kroner. Barnehagane er eit satsingsområde for Noregs Mållag.
– Barnehagen har fått ei viktig rolle som opplæringsstad, ikkje minst med språkstimulering og systematisk språkopplæring, seier Knut Falk i det lokale mållaget.