Olaf Storø stilte is-isbjørnen Trude ut i København. (Foto: privat)
Svalbard-kunstnaren Olaf Storø, som er oppvaksen på Jørpeland, fekk under klimatoppmøtet i København i desember stor merksemd for ein isbjørn støypt i is.
Is-isbjørnen Trude blei utstilt utanfor «Vor Frue Kirke» i København. Her skulle isbjørnen smelta for å visa verda og deltakarane på møtet korleis det er fatt med miljøet. Men i «kalde» København har Trude bare så vidt smelta.
Storø kom sidan heim til regn og mildvêr på Svalbard.
– Det absurde er at hadde bjørnen blitt på Svalbard hadde han smelta for lenge sidan, seier kunstnaren.
Storø lever livet sitt i Longyearbyen på Svalbard.
– Der har eg til oppgåve å formidla det som naturen seier, slikt blir det maleri, skulpturar og ikkje minst litografiar av, fortel kunstnaren.
I juni skal han ha utstilling på Jørpeland.