Klar for innspurt
Her er Adrian Bolsøy (13) frå Tau klar for å springa dei siste 24 kilometrane på julaftan.
Det var kjekt å bli ferdig.
Adrian Bolsøy (13)
Sluttida
Her er resulatet den siste dagen av julekalenderen til Adrian Bolsøy.
Adrian (13) fullførte løpekalenderen: – Eg skal ikkje ut og springa igjen i morgon, i alle fall
Adrian Bolsøy frå Tau bestemte seg for å springa kvar dato frå 1. til 24. desember i kilometer. Kompisen fall av undervegs på grunn av skade, men i dag, på sjølve julaftan, kunne Bolsøy jubla over fullført løpejulekalender.