Gå til sidens hovedinnhold

Alkoholpåverka fisterbu i 30-åra ringde politiet og sa han hadde trøbbel med bilen

– Mann ringde frå Fister og sa at han hadde trøbbel med bilen og at han trong bilberging. Han stod fram som rusa og patrulje blei sendt. Patruljen trefte mannen i nærleiken av bilen sin, skriv politiet på Twitter klokka fire natt til sundag.

– Mannen, som er i midten av 30-åra, stod fram som uskadd. Han sat og drakk alkohol i garasjen han blei funnen i. Han blei framstilt for blodprøvetaking og blir meldt for å ha kjørt bil i rusa tilstand, held politiet fram.

Kommentarer til denne saken