Busstreiken har vore i gang i Oslo og Viken sidan sundag, skriv NRK. Nå er også sjåførar i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark tatt ut i streik. Også Nordland, Agder og Møre og Romsdal er ramma.

Bussjåførane streikar for betre arbeidstidsordningar, høgare lønn og betre tryggleik.

Leiar i Transportarbeiderforeningen i Sør-Rogaland, Inge Vidar Lone, seier til NRK at streiken kan bli langvarig.

– Kan bli langvarig

– Sist gong det var busstreik, i 1998, varte streiken i fem og ei halv veke. Eg håper ikkje det blir så lenge denne gongen. Men signala eg har fått så langt, er at det ikkje har vore kontakt mellom partane i det heile tatt.

Streikande bussjåførar stilte seg opp ved jernbana både i Sandnes og Stavanger for å dele ut munnbind til folk som måtte ta tog i staden for buss, meldar NRK Rogaland.

Aftenbladet skriv at streiken kan bli stoppa av Riksmeklingsmannen og regjeringa med grunngjeving i fare for liv og helse. Dei meldar vidare at viss det skulle bli såkalla tvungen lønsdnemnd, vil grunngjevinga sannsynlegvis vera smittevern og auka fare for smitte når fleire må reisa trongare på andre transportmiddel.

Trøbbel for skuletransport

Skulelevar i Strand, Hjelmeland og på Forsand skule blir ramma av streiken. I Hjelmeland blir veldig mange elevar ramma, og kommunalsjefen for oppvekst, Sigrund Kleppa, oppfordrar alle foreldre i kommunen til å kjøra alle elevane til skulen på måndag omg streiken framleis er i gang.

Opplæringsjef Guro Harboe Ur i Strand ber foreldre og besteforeldre om å trø til for å kjøra elevane i kommunen til skulen. Ho meldar vidare at Fjelltun-elevane som for tida går på Bjørheimsbygd skule må tilbake til heimeskule under busstreiken.

På Forsand skule førebur dei seg også på heimeskule. Busstreiken rammar 69 elevar, og skulen har bede foreldre som har mulegheit om å kjøra ungane til skulen.