Gå til sidens hovedinnhold

Amund (19) briljerer til tider på vegen frå gut til mann: Sjå bilde frå «Mannen: Bak fasaden»

Dei fem mennene og eine kvinna som har lagt hytteturen sin til Hjelmeland samfunnshus denne helga vil garantert vinna nokre hjarte og opna nokre latterdører. Det blir eit slags prosjekt for dei fire andre å læra yngstemann, Amund Thomsen, kva det vil seia å vera mann. Og dei får sagt mykje om kjønnsroller, generasjonskløft og endring av mannsrolla gjennom to akter. Amund Thomsen speler gjennomført imponerande gjennom heile framsyninga, men må gjerne vera litt meir medviten om å få fram teksten på premieren fredag enn på generalprøven torsdag. Morten Hetland har aldri overbevist så mykje i songnummera som i «Mannen: Bak fasaden». Og gjensynet med mannen av den gamle skulen, Kjell Førre, er av det gledelege slaget. Ingen kan på same måten som han annonsera tydeleg at «nå kjem det snart ein punchline», og likevel levera eit overraskande poeng som får latteren til å runga i salen. Om me skal trekkja fram høgdepunkt frå framsyninga, blir det gjerne nummeret der Amund (19) lærer Kjell (75) å bruka Tinder. Og gameshowet med spørsmål som «korleis reagerer du om kona di spør deg om du kan ta klesvasken?» er ein vinnar når det er publikum i salen og presisjonen er eit knepp høgare enn på generalprøven. Regigrepet med å klippa som om det er film – der ein av aktørane startar på ei forteljing som litt etter litt glir over til å bli spelt i staden for fortald – fungerer også godt i ei heilstøypt og morosam framsyning..