Angel (13) gler seg til 5500 speidarar frå heile landet kjem til leir på Forsand sommaren 2022

Nå kan speidar Angel Abokersha frå Jørpeland gle seg til sin andre landsleir for alvor. Ryfylkefondet og Sandnes kommune har sagt ja til å sponsa KFUK- og KFUM-speidarane sin landsleir på Fossanmoen.