Gå til sidens hovedinnhold

Anne Lise vil inspirera folk til å reisa meir

Artikkelen er over 1 år gammel

Anne Lise Barka frå Jørpeland inviterer til reiselivskveld i Rosehagen på Jørpeland neste torsdag.

– Det blir praktisk informasjon og ulike tips til folk som ønskjer å reisa. Det kan vera at dei planlegg ei reise nå eller om to år, seier Anne Lise Barka, som har jobba med å tilby reiseopplevingar i 20 år.

Ulike reiselivsaktørar vil vera til stades i Rosehagen, samt at ein reiseekspert skal fortelja om sine opplevingar og tips.

– Med denne kvelden ønskjer eg både at folk skal få praktisk informasjon og auka reiselyst, seier Barka.

Kommentarer til denne saken