Flytta gudstenesta ut i friluft: Sjå bilde frå jubileet i Årdal

19. mai 2019, kl. 15:44

Jubileumsveka for dei to kyrkjene i Årdal hadde ein liten tjuvstart med ny rute for 17. mai-toget på fredag, men søndagens friluftsgudsteneste var den meir offisielle starten. Gjester og arrangørar kom frå Hjelmeland til Årdal som utvandrarar på «Brødrene af Sand», og blei standsmessig frakta gjennom bygda av Ryfylke Veterankjøretøyklubb. På Sanitas venta prest og kyrkjelyd og det vesle dåpsbarnet Jone Kleppa, som altså blei døypt på utescenen ved Riskedalsvatnet.