Gå til sidens hovedinnhold

ARKIVDYKK: Ivrige skiløparar frå Hjelmeland i åra mellom 1991 og 2009

Det aktive langrennsmiljøet i Hjelmeland IL er inne i ein god periode for tida, men skigruppa har også lange tradisjonar. Mange unge skiløparar har konkurrert med startnummer på brystet og ski på beina. Og mange av dei har fått bilde av seg i avisa. Det eldste bildet i dette galleriet frå Bygdaposten sitt arkiv er frå 1991. Det ferskaste er frå 2009. Namn og årstal er oppgitt der det er kjent. Fotografar er oppgitt der dei er kjende. Mange av desse bilda er sende inn til Bygdaposten av foreldre, trenarar og andre.