Gå til sidens hovedinnhold

ARKIVDYKK: Var du blant dei over 500 som var med på jubileumsvandringa i 2014, då sola ikkje ville slutta å skina?

Hjelmeland kommune markerte grunnlovsjubileet i 2014 med ei vandring frå Geisfjell til Årdal. Undervegs var det ei rekkje med konsertar og andre opptrinn, og turen blei avslutta med ein Ole Paus-konsert der utsikta tok pusten frå folk og artisten sjølv meinte han aldri hadde hatt maken til scenekulissar før. Nokre av bilda i denne serien var på trykk i Strandbuen etter vandringa i juni 2014, men dei fleste har ikkje vore publiserte tidlegare.