Asfaltering blei tre gonger dyrare enn budsjettert: – Har kalkulatoren fått korona?

Den siste biten av Vormedalsvegen i Hjelmeland blei asfaltert i sommar. Rekninga blei betalt med pengar som var sette av til koronatiltak, men Njål Skår (H) reagerer på at rådmann og ordførar godkjente ei stor overskriding midt i sommarferien.