Atle Berge (34) skreiv roman om Norges største arbeidsulukke: – Som 24-åring hadde eg aldri høyrt om Alexander Kielland-ulukka

«Avtrykk» er stikkordet for årets utgåve av litteratur- og ytringsfridomsfestivalen Kapittel i Stavanger. Få hendingar har sett like tydelege spor i Rogaland som Alexander Kielland-ulukka, og Atle Berge sin prisløna roman «Puslingar» skal på Ryfylke-turné neste veke.