Det blir framleis jakt på Bakken i Lysefjorden

Rådmannen rådde til å avslutta jakta på Bakken gard, men Forsand-politikarane var ikkje einige i dette. Dei gjekk inn for ei langsiktig avtale med Forsand Jeger- og Fiskeforening (FJFF) på sitt aller siste kommunestyremøte.