Gå til sidens hovedinnhold

Bamse (3 1/2) fekk mykje kos i Bekkevegen Barnehage

Sauehunden Bamse var på besøk i barnehagen på Jørpeland onsdag føremiddag. Han var ikkje aleine; med var også to lam, fire kalvar og ein traktor. Strand Bondelag besøkte barnehagen, og ungane fekk både prøva å setja poteter, klappa alle dyra og prøvesitja traktoren.