Forsand skule nest best og med eigen musikkvideo

Det var skikkeleg «close race» og stor mobilisering i Forsand for å prøva å vinna Beat the street-konkurransen blant dei 26 skulane i Sandnes. Forsand skule måtte sjå seg slått på streken av Malmheim, men kan nok skryta av den kulaste musikkvideoen.

DEL

221 forsandbuar sykla, gjekk eller sprang totalt inn 716.990 poeng i Beat the street-konkurransen. Det gjorde at dei kom totalt på fjerdeplass av alle skulane.

Sørbø og Ganddal som samla flest og nest flest poeng har både fire og fem gonger fleire deltakarar enn Forsand skule. Det seier litt om mobiliseringa og innsatsen til dei 221 deltakarane frå Forsand.

Kvar forsandbu som var med hadde meir enn dobbelt så mange poeng som deltakarane på vinnarskulen hadde i gjennomsnitt per deltakar.

Forsand skule kjempa om nettopp dette - å bli best på gjennomsnittleg poengsum. Malmheim skule hadde omtrent like mange deltakarar som Forsand og klarte å mobilisera det vesle ekstra som gjorde at det blei dei som vann ein dag i Kongeparken.

Malmheim sanka 3682 per deltakar, medan Forsand skule enda med 3244 poeng på kvar av dei 221 deltakarane. Beat the street-konkurransen varte frå 18. september til 30. oktober.

Artikkeltags