Gå til sidens hovedinnhold

Beist opna sesongen i Sommarteltet i Jørpelandsvågen

Det energiske, skranglerockspelande trønderbandet Beist var første band ut i Sommarteltet til ERA Konserter & Underholdning i år. Det mannsdominerte publikummet var meir enn klare for festmusikk, men med koronarestriksjonar blir det ikkje heilt det same med eit slikt band på scena. Aller helst skulle publikum stått dansande, syngande og klappande like framføre scena. Konserten var likevel eit kjærkome avbrekk i koronakvardagen og gav håp om ein vår og sommar kor det igjen kan vera muleg å samlast og høyra god livemusikk. Rundt 40 personar var til stades i teltet under konserten.