Bil kjørte av vegen på Riskedal i Årdal

I GRØFTA: Bilen var på veg frå Årdal mot Hjelmeland då ferda stoppa i Riskedalsbrekka.

I GRØFTA: Bilen var på veg frå Årdal mot Hjelmeland då ferda stoppa i Riskedalsbrekka. Foto:

Av

Ein bil kjørte av vegen på Riskedal tysdag morgon. Føraren, ein mann i 40-åra, blei sendt med luftambulanse. Brannvesenet meldte på Twitter om ulykka klokka 06.47.

DEL

Bilen var på veg frå Årdal mot Hjelmeland då han køyrde i grøfta i Riskedalsbrekka, i den første svingen etter slutten på 60-grensa. Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen, opplyser politiet sin leiar på ulykkesstaden, Kjetil Mjåtveit.

– Me har snakka med eit vitne i ein annan bil, og mistenker at ulykka skjedde i samband med ei forbikøyring der farten også kan ha vore relativt høg, seier Mjåtveit.

EIN SKADD: Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen. Han var bevisst etter ulykka, men blei sendt med luftambulansen.

EIN SKADD: Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen. Han var bevisst etter ulykka, men blei sendt med luftambulansen. Foto:

Føraren var bevisst og tok seg ut av bilen ved eiga hjelp. Han snakka med brann- og ambulansemannskapa som var på plassen før politiet.

– Han blei teken hand om av ambulansetenesta etter å ha klaga over smerter i ryggen, opplyser Kjetil Mjåtveit.

Mannen blei sendt vidare med luftambulanse.

Artikkeltags