Bil og motorsykkel kolliderte på Solbakk tysdag morgon

Av

Politiet melder at ein bil og ein motorsykkel kolliderte på Solbakk, utanfor Ryfylketunnelen, rundt klokka 07.30 tysdag morgon.

DEL

Føraren av motorsykkelen blei teken hand om av ambulansepersonell med det som truleg er ei skadd skulder, melder politiet. Det er berre mindre skadar på køyretøya.

– Motorsyklisten var ein mann i 50-åra, medan bilføraren var ei dame på same alder. Motorsyklisten har fått ei skade i skuldera, men me veit ikkje om det er brot, fortel operasjonsleiar Kurt Løklingholm hos politiet.

Artikkeltags