Bilulykke på Botsheia. Ein person frakta til sjukehus med ambulanse

I GRØFTA PÅ BOTSHEIA: Det var tre personar i bilen som køyrde ut av vegen på Botsheia torsdag ettermiddag.

I GRØFTA PÅ BOTSHEIA: Det var tre personar i bilen som køyrde ut av vegen på Botsheia torsdag ettermiddag. Foto:

Det var tre personar i bilen som køyrde i grøfta på glatta torsdag ettermiddag. Ein av dei blei sendt til sjekk på sjukehuset med tilsynelatande små skadar.

DEL

Politiet melder om trafikkulykke på Botsheia mellom Jørpeland og Forsand klokka 18.08 torsdag. Ein bil har køyrd av vegen, ifølgje Politiet. Naudetatane er på veg til ulykkesstaden.

Politiet melder at tre personar var involverte i ulukka.

– Bilen var på veg frå Oanes mot Jørpeland og blei overraska av glatt vegbane. Det var tre menn i bilen som køyrde i grøfta. Ein av dei blei frakta til sjukehus. Dei to andre framstår som uskadde, seier politioverbetjent Mette Steffensen.

– Den skadde hadde tilsynelatande små skadar, men blei sendt til sjukehus for sjekk, opplyser Steffensen til Strandbuen.

Politiet har ikkje mistanke om ruspåverknad. Det er sludd i vegbana og glatt føre på Botsheia.

GLATT FØRE: Varebilen med dei tre mennene hadde vore ute i grøfta og snurra rundt før han stoppa i grøfta. Det er glatt føre på Botsheia.

GLATT FØRE: Varebilen med dei tre mennene hadde vore ute i grøfta og snurra rundt før han stoppa i grøfta. Det er glatt føre på Botsheia. Foto:

Artikkeltags