På Bjødnabu er det kvite flekkar på bakken, men det er lite skiføre å snakka om i løypa. I Lyngsheia er det ganske bart ved parkeringsplassen og folkehjelpshytta, men lenger oppover i heia blei det kjørt løyper i helga.

 

– Det var ganske bra føre i helga, så det blei kjørt løyper ved Sandvatnet og på vegen opp til demninga ved Lyngsvatnet. Me er ikkje i heia i vinterferieveka, så eg kan ikkje seia noko om kva mildvêret dei siste dagane har gjort med løypene. Me håpar dei held, og satsar på å vera på plass i heia att i helga som kjem, seier Espen Brekke i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand.

Skal ein tru vêrmeldingane, vil det meste av nedbøren komma som regn fram til helga, men storm.no spår litt kaldare vêr enn yr.no. Held det stikk, kan det også komma litt snø.

På Gullingen melder løypekjøraren at dei fleste spora er kjørte opp. Sjølv om det er litt mindre snø enn normalt denne vinteren, er det ikkje så lite at det er vanskar med å kjøra opp gode skiløyper.