Bjørn (94) fekk det første sprøytestikket i Ryfylke: – Om eg ikkje er heilt trygg, så blir eg i alle fall mindre sjuk om eg blir smitta

Tysdag fekk dei første hjelmelandsbuane vaksine mot Covid-19. Det var bebuarar på Årdal omsorgssenter som var først i køen, og Bjørn Erfjord, som blir 95 i mars, fekk den aller første sprøyta. Strand, Suldal og Sauda startar vaksinering onsdag.