Bjørn Tore (39) fryktar isen i Higrafjellet skal treffa bilar: – Det blir truleg lysregulering etter helga, seier Mesta
Artikkelen er over 1 år gammel
Bjørn Tore Mæhle køyrer dagleg forbi Higrafjellet på veg frå Fister til Randøy. Fjellveggen, som dels stikk ut over vegbanen, er full av istappar og på vegen under er det mykje knust is.