Gå til sidens hovedinnhold

Bli med ungane på Smilehullet på påskevandring på Fjelde-marka

Ungane mellom tre og seks år på avdelinga Smilehullet i Barnas Kulturhage var på påskevandring på marka nedforbi barnehagen på Jørpeland onsdag. Der fekk dei energiske ungane ei kjapp vandring gjennom påskeevangeliet. Barnehagestyrar Liv Marit Barka fortel at Menigheten Klippen og barnehagen vanlegvis inviterer andre barnehagar til ei påskevandring i Klippen sine lokale, men at det har dei ikkje kunna gjera verken i fjor eller i år på grunn av korona. Plansjane er sett opp i den same løypa som julevandringa var, og her kan dei som vil ta seg ein runde.