Blir det eit brot på denne telefonlinja, er folk på Fundingsland utan kontakt med omverda

Linja med fasttelefon er så dårleg at folk har sagt opp telefonen. Linja skal fjernast 31. desember i år, seier Telenor, og blir ikkje reparert om ho dett ned før den tid. Og ingen veit om Fundingsland får mobildekning før den tid.