Høgtid for husbrannar: Har du sjekka røykvarslaren din?

MÅ TESTAST: Brannvarslarane må bli testa med jamne mellomrom, og visste du at ein brannvarslar kan gå ut på dato?

MÅ TESTAST: Brannvarslarane må bli testa med jamne mellomrom, og visste du at ein brannvarslar kan gå ut på dato? Foto:

Me er inne i tida for vedfyring og levande lys, og då er det viktig å sjekka at brannvarslarane fungerer som dei skal. Per 9. oktober i år hadde 28 personar døydd i brann i Norge. Tidleg varsling aukar sjansen for å redda seg ut i tide.

DEL

Førebyggingsekspert i forsikringsselskapet Tryg Forsikring, Øyvind Setnes, er uroa over at mange ikkje veit om dei har ein røykvarslar som verkar.

Setnes har samla svara på dei 10 viktigaste spørsmåla forsikringsselskapet får om røykvarslarar.

Kva slags røykvarslar bør eg velja?

– Det finnst to ulike røykvarslarar på marknaden, ioniske og optiske. Dei fleste brannar startar som ulmebrannar, for eksempel i sengetøy. Ein optisk røykvarslar kan oppdaga ulmebrann vesentleg raskare enn ein ionisk røykvarslar. Me anbefaler derfor optisk røykvarslar.

Kor mange røykvarslarar treng eg?

– Minimunskravet er at du har ein røykvarslar i kvar etasje i bustad og fritidsbustad. Eg anbefalar at du har ein per soverom og opphaldsrom og at desse er seriekopla. Ved eit branntilløp vil alle slå ut samtidig, noko som aukar sjansen for å vakna på natta og at alle kjem seg ut tidsnok.

Kvar bør røykvarslarane bli plasserte?

– Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halvmeter frå veggen.

Kor lenge varer batteriet i ein røykvarslar?

– Dei fleste har utskiftbare batteri, andre har fastmonterte eller er slutta til straumnettet. For røykvarslarar med utskiftbare batteri bør du skifta desse ein gong i året, sjølv om dei kanskje varer litt lenger.

Krev ein røykvarslar vedlikehald?

– Ja, støvpartiklar som samlar seg i røykvarslaren kan føra til ustabilitet. Eit tett røykvarslar har vesentleg dårlegare eigenskaper. Kom deg opp i gardintrappa og tørk av den!

Brannar i Norge

I 2018 omkom 39 personar i brann. Sidan 1979 har det i snitt omkomme 62 personar kvart år.

Alle bustader skal ha minst ein røykvarslar per etasje.

Alarmen skal kunna høyrast på opphalds- og soverom, også når døra er lukka.

75 prosent av dei som døyr i brannar er eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige.

Brann- og redningsvesenet rykka i fjor ut til 3537 brannar i private heimar.

45 prosent, 1538 av desse, var brannar og branntilløp på komfyren.

Det skjer flest brannhendingar i bygningar om vinteren og eller flest i desember.

(Kjelde: Tryg Forsikring)

Kan ein røykvarslar gå ut på dato?

– Ja, røykvarslarar har ein utløpsdato. Om du ikkje finn den, bør du testa varslaren regelmessig eller bytta den ut. Etter åtte til ti år går varslaren ut på dato. Då verkar den dårlegare og vil etter kvart slutta å fungera.

Held det med bare røykvarslarar i huset?

– Nei, eigentleg ikkje. Enkelte sløkkeutstyr bør vera lett tilgjengelege, som sløkkespray, pulver- eller skumapparat. Du kan også ha brannslange eller brannteppe. Det viktigaste er at du har noko som fungerer, og at alle i huset veit korleis dei bruker utstyret.

Bør me ha brannøvingar heime?

– Svaret er utan tvil ja. Det oppstår lett panikk viss ein røykvarslar begynner å ula midt på natta, men det hjelper mykje viss alle har trena litt på kva dei bør gjera og korleis dei skal komma seg ut raskt. Halvparten av alle bustadbrannar oppstår om natta, så det er viktig å ha gått gjennom alt før noko skjer.

Kan det oppstå brann i straumkontakten?

– Ja, det kan det. Det er mange branntilløp, som skuldast feil i det elektriske anlegget. Derfor bør du sjekka det årleg. Mange brannar kunna ha vore unngått om det elektriske anlegget hadde blitt sjekka oftare.

Artikkeltags