Hus og hytter på Oanes var utan vatn - globen kan ha skulda

12 husstandar og hytter har vore utan vatn på Oanes i Forsand i helga. Forsand kommune ønskjer ikkje å konkludera, men fiskegloben utanfor Lysefjordsenteret kan ha skuld i brotet på vassleidninga på 75 meters djup ute i Lysefjorden.