Fleirtalet vil ha inn meir eigedomsskatt

Sp sine fem representantar i formannskapet sikra fleirtal for å fjerna botnfrådraget for eigedomsskatt. Dei varsla også at det kunne bli aktuelt med ein auke i skattesatsen i 2021.