Styret i Strand Senterparti har drøfta høyringsutkast til trafikkplan for Ryfylke etter Ryfast, og konkuderer med at god frekvens på direkteruta mellom Tau og Jørpeland blir viktig også etter at Ryfast står ferdig.

– Trafikkplanen for Ryfylke etter Ryfast skisserer fire ulike rutealternativ for buss til og frå Nord-Jæren og mellom Tau og Jørpeland. Av dei fire alternativa meiner me at alternativ tre gir den beste løysinga. I dette er det i ein normalsituasjon lagt opp til direkte ruter frå Tau til Jørpeland med stopp på Solbakk for omstigning til buss vidare til Stavanger. I rushtida blir direkteruta mellom Tau og Jørpeland supplert med direkteruter frå Tau og Jørpeland til Stavanger, og med pendlarruter frå Solbakk til Forus og Fiskepiren. Pendlarruta til Fiskepiren bør bli ei såkalla sykkelrute, heiter det i innspelet frå Strand Senterparti.

Senterpartiet peikar samtidig på at det er viktig med færrast mogleg buss-skifte og kortast mogleg reisetid. – Dette er avgjerande for å auka kollektivandelen knytt til arbeidsreiser. Jo fleire buss-skifte og lengre arbeidsreise – jo lettare er det å ta bilen frå garasjen og fram til arbeidsplassen. Det må også vurderast om nokre av pendlarrutene i kan gå direkte frå Tau/Jørpeland til Forus i staden for til Byterminalen, står det å lesa i innspelet.

Senterpartiet i Strand legg til at det er vanskeleg å vita nøyaktig korleis reisemønsteret med buss blir etter Ryfast. Partiet er derfor opptatt av at Kolumbus må legga inn fleksibilitet i anbodsgrunnlaget, slik at det blir mogleg å gjera tilpassingar i rutetilbodet i løpet av det første driftsåret.