– I Ryfylke Sør tilsvarer dette ein reduksjon i rutetilbodet på 35 prosent. Sidan skulane nå delvis opnar igjen, går me tilbake til ordinære ruter frå måndag 27. april, stadfestar kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Tostensen i Kolumbus.

– Me håpar at fleire avgangar vil letta kvardagen for mange og ikkje minst gjera det enklare å halda avstand til andre reisande, held ho fram.

Etter at styresmaktene råda frå kollektivreiser i midten av mars har det vore ein sterk reduksjon i talet på reisande, ein nedgong på mellom 80 og 90 prosent samanlikna med januar og februar.

– Når skulane delvis startar opp igjen forventar me at også foreldre og lærarar vil ha behov for transport, seier Tostensen i ei pressemelding frå Kolumbus.

Pressemeldinga fortel vidare Kolumbus har satt inn fleire tiltak for å redusera smittefaren om bord i bussane. Det er ikkje lenger muleg å betala kontant eller å gå inn framme i bussen.

Les også

«Busstilbudet har gått fra OK til udiskutabelt verre»

Reinhaldet i bussane og på båtane er trappa opp, og det heng plakatar med reiseråd i alle bussar og båtar.

– Me fortset med dei same restriksjonane, men aukar produksjonen igjen. Me takkar alle reisande for at dei tar ekstra omsyn til kvarandre og held avstand, sluttar Torstensen.