Bussturar til bassenget på Hjelmeland må reknast som gym, meiner Fylkesmannen

Dette skuleåret får elevane på Fister skule og Årdal skule like mykje symjeopplæring som elevane på Hjelmeland. Men tida som går med til skyss skal trekkast frå gymtimane, og dermed får dei yngste elevane ingen gym før etter påske.