Charlotte (17) fekk comebacket spolert av krisekvarter: – Eg er eigentleg ikkje heilt tilbake frå skade så det var vondt å spele
Det var ein jamspelt kamp dei første 28 minutta då Staal reiste til Jæren for å møte tabellnabo Bryne til dyst. Då kom det første målet imot, og Bryne såg seg ikkje tilbake etter det.