Clare (47) irriterte seg over at ingen kvinnelege basstrombonistar gav ut musikk: – Men eg kunne jo ikkje klandra dei om eg ikkje gjorde det sjølv
Clare Farr frå England og Jørpeland er den einaste kvinna i Norge som speler basstrombone i eit profesjonelt orkester. Slik har det vore sidan ho sjølv begynte å spela det storkjefta instrumentet for 25 år sidan. Det har ho lyst til å gjera noko med.