1. september kom Helge Malmberg tilbake til sin tidlegare arbeidsgjevar i ei ny stilling etter fem år vekke. Då han slutta i jobben sist sa han at viss den jobben han nå har fått blei ledig, så kunne han tenka seg å koma tilbake.
Då Helge slutta i banken for fem år sidan, sa han at det var éin jobb han ville koma tilbake for
Og det var banksjefjobben. Då Helge Malmberg (55) frå Jørpeland fekk telefon tidlegare i år om han ville ta over som banksjef for Sparebank 1 SR-Bank i Ryfylke, kunne han ikkje seia nei.