«Sjølvsagt er det lov å vera skuffa over at det blei grensejustering, men den skuffelsen må ein bli ferdig med og sjå framover»

MANGEL PÅ KUNNSKAP: - Det å tru at det går an å besøka ordføraren i Strand Irene Heng Lauvås og be henne «oppheva grensejustering» vitnar om mangel på kunnskap, skriver Arvid Jøssang.

MANGEL PÅ KUNNSKAP: - Det å tru at det går an å besøka ordføraren i Strand Irene Heng Lauvås og be henne «oppheva grensejustering» vitnar om mangel på kunnskap, skriver Arvid Jøssang. Foto:

Av
DEL

MeningerStrand kommune har nå frå 01.01-2020 fått «tilleggsjord» etter grensejustering til Lysefjorden som kommunalminister Monica Mæland sette endeleg sluttstrek for 10.12-2018. Då er det pinleg å lesa i Strandbuen onsdag 15. januar at ikkje alle innbyggarane på nordsida av Lysefjorden endå forstår dette.

Det å tru at det går an å besøka ordføraren i Strand Irene Heng Lauvsnes og be henne «oppheva grensejustering» vitnar om mangel på kunnskap.

For å setja det i perspektiv så kunne like gjerne bru over Høgsfjorden vore på same «ønskelista». Det er uaktuelt!

Sjølvsagt er det lov å vera skuffa over at det blei grensejustering, men den skuffelsen må ein bli ferdig med og sjå framover. I Strand har me greidd å «rista» av oss gleda over den same grensejusteringa, men mange er nok framleis skuffa over at Forsand gjekk til Sandnes.

Så den nye skulekvardagen på Forsand der elevane frå «nye» Strand etterkvart må til Jørpeland når dei skal på ungdomskulen. Hvis eg forstår det rett så er det her det er uenighet om kva som er lova. Her må det vera mogleg å finna ei løysing men ikkje så lenge foreldra trur dei kan bruka elevane for å oppnå det «umulige». Då hjelper ikkje raushet frå Strand si side heller.

Til orientering så er det ikkje første gong elevar i Strand byter skule og må køyrast lenger når dei skal begynna på ungdomskulen. Det nye er at det skal gjerast til eit problem.

Artikkeltags