«Vi har ikkje noko klimakrise, men vi har klimaendringar»

GRATIS FRÅ HUNDVÅG: Oliver Hausberg hadde lite til overs for Stavanger sine forsøk på å velta meir av Ryfast-finansieringa over på Ryfylke, og meinte Hundvågtunnelen måtte bli gratis for dei som køyrde gjennom Ryfast.

GRATIS FRÅ HUNDVÅG: Oliver Hausberg hadde lite til overs for Stavanger sine forsøk på å velta meir av Ryfast-finansieringa over på Ryfylke, og meinte Hundvågtunnelen måtte bli gratis for dei som køyrde gjennom Ryfast.

Av

– Endringar på soloverflata har større verknad på temperaturen på jorda enn det me menneske steller med. Og jorda er berre ein prikk i eit stort univers, skriv Oliver Hausberg i dette debattinnlegget.

DEL

MeningerEg ser at Venstre på ny er ute med meiningar og si tru om korleis me kan endra klima. Om det berre hadde vore dei i Venstre som hadde hatt den trua, så hadde det ikkje uroa meg. Dei er vel snart ute av politikken. Verre er det at me har ei regjering som dansar etter den same pipa.

Fleire og fleire som eg snakkar med, meiner no at dei som styrer Norge er på feil veg. Vi har ikkje noko klimakrise, men vi har klimaendringar. Nokre set og likskapsteikn mellom lokalt miljø og klima.

Storbyane har i perioder eit miljøproblem (dårleg luft og mykje søppel). Det er òg eit miljøproblem at det flyt rundt tonnevis med plast. Eg skal ikkje kom meir inn på det her.

Klimaendringar er noko det har vore så lenge jorda har eksistert. Periodane med oppgang og nedgang i middeltemperatur kan vera lange eller stuttare. Meterologiske samanliknar periodar på 30 år. Det kan vera interessant nok, men fortel lite om dei svingningane me kan registrera som går over mykje lengre tid. FN sitt klimapanel og mange med dei, bruker målingar til å påstå at når middeltemperaturen endrar seg, så er det menneskeskapt og at ein ved å endra på livsførsla vår så kan me styra dette.

Kven er det så som står bak dette? Ofte ser me at det er venstresida i politikken som hiv seg på for å sanka stemmer og særleg frå dei unge i byane. Etter kvart har me likevel sett at det er store kapitalkrefter og næringslivsfolk som står bak mykje av påstandane. Sjå kven som fekk merksemd på Solakonferansen, eller kva NHO no frontar. Her er det pengar å tena! Og forskarane hiv seg på for å få seg jobb i aktuelle organ.

Avisene må òg ta litt skuld. Når ei måling taler til fordel for klimahysteriet, slår avisene det stort opp. Om forskarar kjem fram til andre resultat, vert det tia i hel eller i beste fall nemnd i ei lita notis langt ute i avisa.

Så kvifor er me mange som ikkje trur på dette og roper eit varsku. Først og fremst fordi mykje av det som vert hevda, ikkje kan dokumenterast. Det er faktisk ein god del dokumentasjon som taler mot.

Eg kan lite historie men likevel. Om lag for 500 år sidan var middeltemperaturen mykje lågare enn i dag. For ca 1000 år sidan var den høgare. Då smelta isbreane i Norge. For mange tusen år sidan då dei første menneska vart fastbuande på våre kantar av landet, meiner forskarar at middel sommartemperatur har vore mellom ein og to grader høgre enn no. Det er og fleire andre forskningsresultat som fortel om vesentleg høgare temperatur ulike stader på jorda i tidlegare tider.

Eg og mange med meg trur ikkje at litt reduksjon i utslepp av co2 kan endra middeltemperaturen på jorda. Svingningane hadde me lenge før folk bruka mineralolje. Jorda får lys og varme frå sola.

Endringar på soloverflata har større verknad på temperaturen på jorda enn det me menneske steller med. Og jorda er berre ein prikk i eit stort univers. Det er på tide å be våre politikarar om å bruka fornuft. Og til alle dokker som underviser unge. Prøv å vera nøkterne og gjerne oppfordra dei unge til å granska ulike rapportar sjølv.

Så til slutt: Stopp med vindmøller og et meir rødt kjøtt så det framleis kan bu folk i heile landet vårt. Norge gror over og vi treng bønder med mange dyr på beite.


Artikkeltags