Dei tre folkemusikarane presenterer tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Salmane har overlevd på ulikt vis frå generasjon til generasjon.

– Griseslaktarar, jegerar, ordførarar, liksongarar, bønder og autodidakte kirurgar frå Rogaland, alle borte nå, har vore med på å vidareføra denne gripande formidlartradisjonen, fortel dei.

– Songen ga løfte og håp. Håp om betre tider på den andre sida. Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar som «Et barn er født i Betlehem», «Her kjem me dine arme små», «Mitt hjerte alltid vanker», «Kling no klokka» med fleire, med melodiar henta frå heile Rogaland, frå Egersund i sør til Sauda i nord. Noko av melodimaterialet kjenner me igjen – det har blitt slagarar i kyrkja, heiter det i presentasjonen av konserten.

Konserten i Jøsenfjorden inngår i ein juleturné som startar på Bryne og endar i Ulvik.